Hopp til hovedinnhold

Solidaritetsaksjonen 16. desember 2025

Elevane på Os gymnas har ein årleg innsamlingsaksjon der pengane går til viktige hjelpetiltak for menneske i Moldova. Då skal dei jobbe ein skuledag, og betale inn lønna (450 kr) til organisasjonen I Care – Norway, som er den organisasjonen elevrådet har bestemt at vi skal støtte.

I Care – Norway er ein ideell organisasjon oppretta i 2021, som jobbar for å hjelpe synshemma og andre vanskelegstilte i Moldova. Moldova er det fattigaste landet i Europa, med ein levestandard som mange u-land. Hans Bjørn Bakketeig frå Os er nestleiar i organisasjonen I Care – Norway. Os gymnas støttar I Care – Norway i samarbeid med Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule.

Informasjonsbrev (pdf)

Dagen for solidaritetsaksjonen er tysdag 16. desember

Vi håpar at dei fleste elevane våre ønsker å støtte dette arbeidet i år også, og at mange vil bidra med å gi elevane arbeid denne dagen!

Det er frivillig å delta. Dei elevane som ikkje vil delta, eller som ikkje får seg jobb, har vanleg skuledag denne dagen.

Studietur til Moldova våren 2025

Våren 2025 var ei gruppe med elevar og lærarar frå Os gymnas, Os vgs og Fusa vgs på studietur til Moldova, for å sjå på nært hald kva pengane som skulana samlar inn, blir brukt til. Der fekk dei sjå og lære om samarbeidet mellom Hans Bjørn Bakketeig og organisasjonen I-Care Norway og Moldova, som har gått føre seg i over 20 år. Dei besøkte mellom anna fleire barnehagar, eit sosialsenter, eit synssenter og eit flyktningmottak og fekk mange gode og sterke inntrykk. Desse institusjonane har gitt mange tusen menneske i Moldova moglegheita til å få eit betre liv ved hjelp av støtta frå Noreg.

Her kan du lese eit reisebrev frå turen

Moldova-20251.jpg