Biblioteket

Bilde frå biblioteket, med to bord og stolar og bokhyller.

Skulebiblioteket ligg i første etasje, ved sida av kantina. Du kan bruke biblioteket i skuletida. Her kan du låne faktabøker, skjønnlitteratur og anna læremateriell. Du kan vere på biblioteket for å lese eller arbeide med lekser. I biblioteket finn du sofakrok og gruppebord.

Lånekontrakt

Når du startar på skulen må du underteikne ein lånekontrakt. Er du under 18 år må også føresette underteikne. Du kan då låne gratis skulebøker. Det er viktig at du tek godt vare på bøkene dine og ikkje "bytter" bok med andre i klassen. Bøker som ikkje er innlevert etter endt skuleår, må du betale for.

Lånekontrakt for elevar i vidaregåande opplæring

Bibliotekar

Treng du hjelp til noko på biblioteket? Då kan du snakke med Siw. 

 

Siw Merete Stokkevåg

førstekonsulent
Portrettbilde Siw Stokkevåg

E-lån

E-lån er bøker du kan laste ned til datamaskinen, lesebrettet, nettbrettet eller mobilen din. Det er mest romanar, men også ungdomsbøker og fagbøker. Same bok kan lastast ned til seks ulike einingar, og bøkene blir automatisk levert tilbake etter tre veker.

  • Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
  • Du må ha ein brukar for å logge inn. Dersom du er elev, kan du logg inn med Feide-brukaren din.
  • Finn e-bøker eller digitale lydbøker, last ned og les eller høyr.