Hopp til hovedinnhold

Samtykke til bruk av bilde

Me synest det er kjekt å dele bilde frå skulekvardagen på nettsidene våre, i sosiale media og reklame for skulen. Me må vite at du som elev synest det er greitt å vere med på bilda me publiserer. Derfor ønskjer me at du signerer samtykkeskjema for bruk av bilde.

Skulen kan ikkje dele bilde av elevar som ikkje har signert samtykke.

Er du under 16 år, må føresette signere avtalen også. Det blir sendt melding om signering til føresette etter at du som elev har starta innsending av skjemaet. 

Skjema for samtykke til bruk av bilde

Innhaldet i samtykket

Vestland fylkeskommune bruker bilde i ulike media som t.d. internettsider, intranettsider, sosiale media, reklame, presentasjonar, brosjyrer og anna.

Bileta kan bli redigert, bearbeidd eller kombinert med tekst og grafiske uttrykk. Alle personar i bileta blir framstilt sympatisk og positivt. Bileta vil ikkje bli selt til andre partar, men dei kan bli brukt i andre media, t.d. når vi sender pressemeldingar til aviser eller liknande.

Bileta kan også ligge i eit fotoarkiv, der media og andre relevante aktørar kan bruke bileta i saker og tekstar som omtaler fylkeskommunen, våre tenester eller der det er relevant. Vi kan ikkje garantere for at bilete ikkje kan bli kopiert av andre frå t.d. internett.

Vi kan ikkje tilby honorar for bilde, og du må avstå frå krav om dette i framtida.

Du har rett til å be om å trekke tilbake samtykket i ettertid. Dette gjer du ved å vende deg til kommunikasjon@vlfk.no

Dersom du godtar desse vilkåra kan du fylle ut informasjonen på neste side. Vi takkar for at du vil støtte oss!

Eleven startar innsendinga av dette skjemaet. Dersom eleven er under 16 år vil det bli krevd signering frå føresette.