Samarbeid skule-heim

God kommunikasjon og samarbeid mellom skule og heim er viktig for å sikre best mogleg oppfølging av elevane gjennom skuleløpet. Kommunikasjon og samarbeid skjer i foreldremøte, individuelle utviklingssamtalar og gjennom kontakt med skulen ved behov.

Os gymnas har faste rutinar for møte mellom heim og skule. Skulen arrangerer foreldremøte for foreldre/føresette til nye Vg1-elevar like etter skulestart, og følgjer opp med individuelle utviklingssamtalar med foreldre/føresette og elevar i første termin for både Vg1 og Vg2. Me arrangerer også faste informasjonsmøte for foreldre/føresette og elevar knytt til programfagval for Vg1-elevane.

Foreldre/føresette har innsyn i elevane sin skulekvardag gjennom skulesystemet VIS, som også gjer det enkelt å sende løpande informasjon om fråvær og andre forhold knytt til elevane sin skulekvardag.

Informasjon om bruk av VIS for elevar og føresette

Ta gjerne kontakt med oss, dersom du som føresett lurer på noko!