Rådgjevar

Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule?

Rådgjevar hjelper deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Rådgjevar på Os gymnas inviterer alle Vg1-elevar til samtale omkring utdanningsval etter vidaregåande skule. Han hjelper elevane med å planlegge fagval i tråd med interesser, evner og ønsker/planar for framtidige studievegar og yrke.

Vidare har rådgjevar ansvar for følgjande elevtenester:

  • Rådgjevar gir rettleiing i spørsmål om val av fag og utdanning. 
  • Rådgjevar samarbeider tett med kontaktlærar, faglærarar og avdelingsleiarane.
  • Rådgjevar sit i skulen sitt ressursteam og kan gi sosialpedagogisk hjelp og rettleiing med personlege problem og utfordringar i kvardagen. Han har tett kontakt med OT/PPT og andre offentlege instansar.
  • Rådgjevar hjelper deg òg dersom du ønskjer å reisa på utveksling til utlandet.
  • Rådgjevar har teieplikt.

Rådgjevar

Terje Bøthun

rådgjevar
Portrettbilde Terje Bøthun