Hopp til hovedinnhold

Klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel

Her finn du informasjon om rutine for å klage på eksamenskarakter, standpunktkarakter og karakter i orden og oppførsel

Måndag 8. juni blir karakterane i avsluttande fag (standpunktkarakterar) og karakterar i orden og oppførsel publisert for elevane i InSchool. 

Karakterar i fag som ikkje er avsluttande (halvårsvurderingar) blir publisert torsdag 18. juni.

Hugs at det berre er mogleg å klage på standpunktkarakterar, og på avsluttande karakterer i orden og oppførsel i vg3. Du kan ikkje klage på sjølve standpunktkarakteren, så ei eventuell klage må adressere korleis karakteren er fastsett.

Klagefrist på standpunktkarakterar

Klagefrist på standpunkt er ti dagar frå karakteren er publisert, så klager må sendast innan klagefristen 18. juni. Vi anbefaler å snakke med faglærar før du eventuelt sender inn klage.

Du må registrere klaga på klageskjemaet som du finn på Vestland fylkeskommune sine sider

Klagefrist på eksamenskarakter

Siste dag for fellessensur er fredag 19. juni. Klagefristen på eksamenskarakterar er 10 dagar etter kunngjering av eksamenskarakteren.

Dersom du ønskjer at klagen din skal behandlast før sommarferien, må du sende klagen innan hurtigklagefristen som er tysdag 23. juni kl. 12. Du må registrere klagen på eksamenskarakter i InSchool. 

Informasjon om klage på Vestland fylkeskommune sine sider