Hopp til hovedinnhold

Skuleskyss

Illustrasjonsbilde, viser beina til ein person som står og venter på ein buss med ein sekk i handa

Lurer du på korleis du kjem deg til skulen med offentleg transport? Her finn du det du treng å vite.

Os gymnas ligg sentralt til i Gymnasvegen 85, nær Osøyro. Næraste busstopp til skulen er Flåten sør.

Du kan bruke Skyss sin reiseplanleggar for å finne ut kva bussar du kan ta for å kome deg til skulen. 

30-dagars ungdomsbillett

Du må som hovudregel bruke 30-dagars ungdomsbillett til skuleskyssen. Dette gjeld også om du bur meir enn 6 km frå skulen. Det betyr at du som er funksjonsfrisk og under 20 år ikkje har rett på gratis skulereisekort.

Gratis skuleskyss

Du kan ha rett på gratis skuleskyss dersom eitt av følgjande kriterium er oppfylt:

  • Du bur utanfor ungdomsbillett-området (utanfor felt merka grønt i kartet) og har lengre enn seks kilometer skuleveg.
  • Du er fylt 21 år og har lengre enn seks kilometer skuleveg (målt langs kortaste farbare veg).
  • Elevar med varig eller midlertidig funksjonshemning/sjukdom kan ha rett på skyss mellom skule og heim uavhengig av reiselengde.

Meir informasjon om reglane for gratis skuleskyss finn du på nettsidene til Skyss.

Er du usikker på om du har rett til gratis skuleskyss? Då kan du ta kontakt med kontoret på skulen.