Her finn du oversikt over ferie- og fridagar.
Skuleruta for skuleåret 2025–2026
Skulerute 2025–2026 (pdf)
Skuleruta for skuleåret 2026–2027
Frå 1. august 2026 vil Os gymnas og Os vidaregåande skule vera slått saman til ein skule, som har namnet Os vidaregåande skule. Skuleruta for den samanslåtte skulen er lagt ut på nettsidene til Os vidaregåande skule.
Her finn du skuleruta for skuleåret 2026–2027 (pdf)
Eksamen våren 2026
Eksamensperioden for skriftleg eksamen våren 2026 er frå og med måndag 4. mai til og med torsdag 21. mai. Eksamenstrekket blir kunngjort tysdag 28. april kl. 09.00.
Timeplanen
Skuledagen startar kl. 8.35 og siste time sluttar kl. 15.30.
Det er gratis skulefrukost kvar dag frå kl. 8.10 til kl. 8.30.
Elevane finn sin eigen timeplan i InSchool.
Blokkdagar
På fredagar har me blokkdagar. På blokkdagane har du fleire timar med det same faget. Det kan også skje at du ikkje har undervisning enkelte av fredagane i løpet av skuleåret.
På halvblokkdagar har du eit fag før lunsj og eit anna fag etter lunsj. Når det er heilblokkdag har du det same faget heile skuledagen.