Hopp til hovedinnhold

Elevtenester

To gutar som speler bordtennis utanfør skulebygget

Me er opptatt av at du skal ha det bra på skulen, og arbeider aktivt for å skape eit trygt og inkluderande miljø. Me ønskjer at alle elevar skal bli sett og tatt vare på.

Studietid

Me har tilbod om studietid for elevane kvar tysdag kl. 13:00–14.00, i kantina. Du kan bruke studietida til å få hjelp av faglærar til leksene, eller du kan arbeide med øving til prøvar eller eksamen. Du kan også vere sosial saman med andre, og spele bordtennis og liknande. Det blir ført oppmøte, og elevane kan få trekt den tida frå fråværet sitt på slutten av skuleåret.

Avdelingsleiar for elevtenester

Hilde er avdelingsleiar for elevtenester, og jobbar tett på elevane ved skulen. Ho har faste møte med elevrådet og elevrådsstyret, og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Avdelingsleiar for elevtenester er også leiar for skulen sitt ressursteam.

Hilde Paaske-Knauer

avdelingsleiar
Portrettbilde Hilde Paaske-Knauer

Miljøkoordinator

Elise er miljøkoordinator på skulen. Ho er med på å legge til rette for eit trygt og godt skulemiljø, og har fokus på førebyggande, kontaktskapande og sosialpedagogisk arbeid.  
Ho har kontortid ved Os gymnas onsdag, torsdag og etter lunsj på fredagar. 

Elise Hagevik

Miljøkoordinator
Portrettfoto Elise Hagevik

Rådgjevar

Rådgjevar kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du snakke med rådgjevar.

 

Førebyggande arbeid ved Os gymnas

Skulen har som mål at alle skal trivast. Hovudmålet for det førebyggande arbeidet er

  • å skape eit trygt og inkluderande miljø gjennom positive tiltak der alle elevane blir sett og tatt vare på
  • å hjelpe og støtte elevar med urovekkande rusbruk til å kome seg ut av ein vanskeleg situasjon slik at dei kan fullføre utdanninga si

Os gymnas har innført Kjentmannsordninga. Kjentmann skal vere den elevane kan kome til på skulen ved uro rundt eigen eller andre sin rusbruk. Det er Hilde Paaske-Knauer som er kjentmann på skulen.