Hopp til hovedinnhold

Studiespesialisering

Elevar i klasserom som arbeider på PC

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering?

Dette er riktig val for deg som tenker å studere på høgskule eller universitet. Det er også eit smart val viss framtidas yrke ikkje lyser klart framfor deg enno, sidan du får brei studiekompetanse som opnar mange moglegheiter for framtida. Du får også mykje kunnskap og ferdigheiter som kjem til nytte, uansett kor framtida måtte bringe deg.

Os gymnas tilbyr studiespesialisering med idrettsfag, og skulen har eit breitt utval programfag som opnar dørar til alle studiar på høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.

Første året (vg1)

Det første skoleåret inneheld mest fellesfag, men i matematikk må du enten velje 1T (teoretisk), som dannar grunnlag for programfagmatematikk i vg2 og vg3, eller 1P (praktisk) om du ikkje treng programfagmatematikk i vidare studiar.

Alle skal ha framandspråk som fellesfag. Her kan me tilby spansk, tysk og fransk for elevar som har følgt faga på ungdomsskulen. Inneverande skuleår har me ikkje fransk, men det vil bli starta opp ei gruppe dersom det er nok elevar som ønsker fransk. Skulen tilbyr tysk til elevar som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen, eller som vil bytte til eit nytt framandspråk på vidaregåande. 

Me tilbyr toppidrett som valfag på vg1 – les meir om det her.

Andre året (vg2)

Det andre skuleåret vel du halvparten av faga (programfag) etter eige ønske. Det er lurt å velje fag som interesserer deg, sidan det aukar både motivasjon og meistring i faga. Os gymnas tilbyr ei rekke programfag innan programområda:

Realfag

Biologi 1, fysikk 1, kjemi 1, 2P-, R1-, S1-matematikk

Språk- og samfunnsfag

Engelsk 1, psykologi 1, rettslære 1, sosiologi og sosialantropologi

Breiddeidrett 1 og toppidrett 2 blir tilbydd som frie programfag.

Det er også mogleg å ta Vg2 som utvekslingsår i utlandet. Her kan du enten nytte Vestland fylke sine utvekslingsavtaler, eller reise med private utvekslingsorganisasjoner.

Tredje året (vg3)

Det tredje skuleåret vel du også halvparten av faga (programfag) etter eige ønske. Os gymnas tilbyr ei rekke programfag innan programområda:

Realfag

Biologi 2, fysikk 2, kjemi 2, R2-, S2-matematikk.

Språk- og samfunnsfag

Engelsk 2, psykologi 2, rettslære 2, politikk og menneskerettar, sosialkunnskap

Breiddeidrett 2 blir tilbydd som fritt programfag.

Vegen vidare

Med studiekompetanse kan du søkje opptak til høgare utdanning i Norge. Dette gjer du gjennom samordnaopptak.no. Her får du også informasjon om kva opptakskrav som gjeld for dei ulike studia. Søknadsfristen er 15. april.

Har du ikkje bestemt deg? Då kan du få gode tips på utdanning.no.