Toppidrett

Bilde av fire gutar som spring i gymsalen

På Os gymnas kan du kombinere studiespesialisering med toppidrett! Du kan velje toppidrett som programfag allereie på vg1. Inneverande år har me eit samarbeid med Os Fotball om toppidrettstilbod i fotball. Det vil også kome tilbod for toppidrett med handball eller e-sport som spesialisering viss det er nok interesse for dette.

Programfaget toppidrett passar for deg som vil kombinere vidaregåande opplæring med å satse på idretten din på høgt nivå. Me ønskjer på denne måten å tilrettelegge for at elevar som vil satse på idretten sin, kan kombinere det med å gå studiespesialisering på Os gymnas. Elevane som vel toppidrett kan også velje fordjuping i realfag på vg2 og vg3, og slik få spesiell studiekompetanse.

Korleis søker du?

Du må søkje Vg1 studiespesialisering på Os gymnas på www.vigo.no innan søknadsfristen 1. mars. Du bør setje Os gymnas som første skule i søknaden. 

For å kunne registrere kor mange som er interessert i toppidrettstilbodet, ønskjer me at du i tillegg fyller ut eit eige skjema innan torsdag 24. februar:

Her oppgir du kva idrett eller e-sport du vil spesialisere deg i. Du skal også skrive litt om ditt nivå i idretten eller spelet. Dette er fordi me ønskjer å tilpasse og legge til rette undervisninga på best mogleg måte ut frå ditt nivå. 

Me tek atterhald om at det er nok søkarar til å starte opp tilbodet. Dersom interessen for toppidrett er for liten til at me kan starte tilbodet, planlegg me å melde tilbake til dei som er registrert på Googleskjemaet før 1. mars.

Kva er faget toppidrett?

Faget toppidrett gir ungdom moglegheiter til å kombinere videregåande opplæring med idrett på eit høgt prestasjonsnivå. Opplæringa skal gi utfordring, spenning, glede og meistring, samt bidra til å utvikle sjølvtillit hos den enkelte utøvar. Hovudelementa i faget er treningsplanlegging, basistrening og ferdigheitsutvikling. 

Les meir om toppidrett på UDIR sine sider 

Toppidrettstilbodet innan fotball skal tilrettelegge for at fotballspelarar med stor treningsiver og motivasjon skal få moglegheit til å trene med så høg kvalitet som mogleg i skuletida. Det blir lagt opp til eit tett samarbeid mellom skule og klubb slik at treningskvardagen skule/kveld blir tilpassa med tanke på belastning, utviklingsmål og fokusområde. Overordna prinsipp for treningsopplegget i fotball vil vere:

  • Spesifisitetsprinsippet. Fotball og basistrening.
  • Tempo og intensitet.
  • Kamplike situasjoner med stor kompleksitet.
  • Fokus på val og utføring med avgrensa tid og rom.
  • Individuelt fokus. Utvikling av enkeltspelaren står sentralt.

Sjå også informasjon på Os Fotball sine nettsider

 

Bilde av tre elevar som speler e-sport på klasserom

E-sport

Du kan fordjupe deg i spel som Counter-Strike: Global Offensive, League of Legends, Overwatch eller andre spel etter ditt ønskje. Du får delta på eit lag i turneringar, i kampar mot andre skular og på LAN-events. Det er fokus på teambuilding, samarbeid, kommunikasjon, haldningar, analysering av eige og andre sitt spel og utvikling av gode strategiar saman med medelevar.