Hopp til hovedinnhold

Vel møtt til nytt skuleår!

Vel møtt til skulestart torsdag 17.august! Vi ønskjer alle elevar velkomne til ein skule der vi legg vekt på både læring, kunnskap og trivsel.

Oppmøtetider første skuledag

  • Vg1 kl. 08.45
  • Vg2 kl. 12.15
  • Vg3 kl. 12.15

Kan du ikkje møte første skuledag? 

Dersom du ikkje kan møte torsdag 17. august, er det viktig at du tar kontakt med skulen på telefon 915 49 908 eller e-post: post.osg@vlfk.no

Litt praktisk informasjon

Vi vil starte med ei kort samling i gymsalen første skuledag. Vg1 er ferdig ca. kl. 11.45, medan dei andre klassane er ferdig ca. kl. 15.15 torsdag 17. august.

Kantina opnar 18. august. Vi vil halde fram med tilbod om gratis skulefrukost kvar dag mellom kl. 8.10 og kl. 8.30.

Ramme for skuledagen vil vanlegvis vere frå kl. 8.35 til kl. 15.30. Det kjem tilbod om studietid på tysdagar mellom kl. 13.05 og 15.30. Elevane vil få meir informasjon om dette på Itslearning/Elevinformasjon.

Vi planlegg tur for vg1 18. august. Alle elevar vil få meir informasjon om timeplan, startsamtale og aktivitetsdag i løpet av dei første skuledagane.

Merk deg at du får bruke bokskap på skulen og du må ta med deg lås til skapet. Vi oppmodar alle elevar om å leggje bokbind på lærebøkene, og merke bøkene med namn. Meir informasjon om lån av skulebøker finn du her.

Alle skular i Vestland fylkeskommune har eit informasjonssystem; Visma InSchool (VIS). Timeplan vert publisert i VIS. Elevane får meir informasjon om bruk av VIS når dei møter på skulen. Vi har også samla informasjon om VIS for elevar og føresette på heimesida.

Vi minner om at du som elev har ansvar for å møte på skulen med eigen PC. Viss du treng ny PC, så kan du sjekke tilbodet om rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Grunnmodellen er tilstrekkeleg for bruk ved vår skule.

Vi gler oss til å møte både nye og gamle elevar! 

Helsing frå Kjersti Daland, rektor