Hopp til hovedinnhold

Solidaritetsaksjonen 26. januar 2024

Logoen til I Care Norway

Fredag 26. januar skal elevane på Os gymnas ha sin årlege solidaritetsaksjon, og jobbe ein dag for å samle inn pengar. Elevrådet har vald å støtte organisasjonen I Care – Norway. Dei jobbar for å hjelpe synshemma og andre vanskelegstilte i Moldova.

Moldova er det fattigaste landet i Europa, med ein levestandard som mange u-land. Hans Bjørn Bakketeig frå Os er nestleiar i organisasjonen I Care – Norway. Prosjektet blir støtta av Os gymnas, Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule.

Informasjonsbrev om prosjektet (pdf)

«Et hovedmål for arbeidet er å få synshemmede og andre mennesker med utfordringer til å bli en ressurs i samfunnet. Målet er at de får delta i skole og utdanning, i sosialt liv og arbeid. Dette vil vi oppnå ved å drive hjelpearbeid rettet mot barn og unge med funksjonsnedsettelser, formidle kunnskap om syn og synshjelp, og arbeide for gode relasjoner og elev-/lærerutveksling» (I Care – Norway).

Bilde av Hans Bjørn Bakketeig på et rom med en maskin på sjukehus i Moldova

Me håpar at dei fleste elevane våre ønsker å støtte dette arbeidet i år også, og at mange vil bidra med å gi elevane arbeid denne dagen! Spør på butikkar, spør heime eller blant venner og naboar. Kanskje er det nokon som treng litt hjelp til vask, handling eller rydding?

Fredag 26. januar er arbeidsdagen.

Dei elevane som ikkje ønskjer å delta på solidaritetsaksjonen, skal møte på skulen for å jobbe med ei oppgåve (demokrati og medborgarskap) og anna skulearbeid den dagen.

For ein dags arbeid betaler du inn 400 kr (gjerne meir) til I Care – Norway, kontonummer: 3626.31.15761 eller bruk Vipps: 722105.