Hopp til hovedinnhold

Skuleskyssbillett på mobil

Elevar som tek skulebussen

NYHEIT: No er det mogleg å velje – å få skuleskyssbilletten på mobilen! Frå og med skulestart i august 2023 kan elevar ved alle ungdoms- og vidaregåande skular i Vestland få skuleskyssbilletten sin i appen Skyss Billett.

Frå og med skulestart i august 2023 kan elevar med rett til fri skuleskyss ved ungdoms- og vidaregåande skoler i Vestland velje å få skuleskyssbilletten sin i Skyss Billett-appen. Løysinga er valfri og elevar som ønsker det, kan fortsette med dagens løysing med kort.

Du kan lese meir om reglane for skuleskyss her

Kva må du som elev gjere for å ta i bruk løysinga?

Elevar som berre treng buss og bur utanfor ungdomsbillettområdet, kan søke om skuleskyss sjølv via sjølvbetjeningsportalen på www.skuleskyss.vlfk.no og logge inn som ELEV.

Skulen må søke for elevar som bur innanfor ungdomsbillettområdet (over 21 år og for gammal til å kjøpe ungdomsbillett), medisinske søknader, eller elevar som manglar kollektivtilbod. Dersom dette gjeld deg, kan du ta kontakt med kontoret på skulen.

Elevar kan sjølv sjekke om dei bur innanfor / utanfor ungdomsbillettområdet her: https://skuleskyss.vlfk.no/kart 

  1. Kryss av for at du ønsker å få billetten på mobil i søknaden om skuleskyss og oppgje telefonnummeret ditt. Kryss også av om du treng å nytte tog eller båt
  2. Sørg for å ha lasta ned Skyss Billett-appen på telefonen din
  3. Ver logga inn i appen med same telefonnummer som du oppgjer i søknaden
  4. Når du har registrert at du ønsker skuleskyssbillett på mobil og søknaden er godkjent, vil billetten dukke opp under "mine billetter" i appen på alle skuledagar 
  5. Reis som vanleg til og frå skulen, og vis fram skuleskyssbilletten på mobilen ved behov. Sørg for å ha nok straum og mobildata på telefonen, men i dei tilfella det likevel skulle vere tomt, vil vektarane kunne søke opp billetten ved hjelp av telefonnummeret ditt.

Har du allereie søkt skuleskyss, men ønsker billetten på mobil? Då kan du enkelt sende inn søknaden på nytt og velje å få skuleskyssbilletten på mobil.

Informasjon om skuleskyssbillett på mobil på Skyss sine nettsider