Hopp til hovedinnhold

Informasjonsmøte om fagval

To elevar ser på eit fysikkforsøk med fjørkanon

Vi inviterer til informasjonsmøte om fagval for foreldre/føresette med elevar i vg1, tysdag 6. februar kl. 18.00

Invitasjon til informasjonsmøte om fagval for foreldre/føresette med elevar i vg1

 

Tid: Tysdag 6. februar kl. 18.00

Stad: Kantina på Os gymnas

Os gymnas skal snart gjennomføre fagval med elevane i samband med planlegginga av skuleåret 2024–2025. Elevane skal sjølve velje kva programfag dei vil halde fram med i vg2 og vg3, og det er difor viktig at elevane gjer seg kjent med programfaga skulen tilbyr og tenker grundig gjennom kva programfag dei ønskjer å følgje i vg2 og vg3.

På nettsidene til Vilbli.no og Utdanningsdirektoratet  finn de informasjon om dei ulike programområda og programfaga på vidaregåande skule:

Os gymnas tilbyr eit utval av programfaga under Studiespesialisering innan programområda Språk, samfunnsfag og økonomi og Realfag. I tillegg tilbyr skulen breiddeidrett og toppidrett som frittståande programfag.

På foreldremøtet vil vi orientera meir om skilnaden på dei to programområda, reglar for fagkombinasjonar og opptakskrav til høgare utdanning. I tillegg vil vi orientera om utvekslingsår i utlandet, karakterar og tilleggspoeng i vidaregåande skule, samt krav til vitnemål og førstegangsvitnemål.

Noter spørsmål og vi vil svare etter beste evne.

Vel møtt!

Venleg helsing

Rune Rosland
Assisterande rektor