Hopp til hovedinnhold

Elevundersøkinga 2023

Bildet viser to elevar som sit med mikrofon og manus, og speler inn podcast.

Os gymnas gjennomfører Elevundersøkinga i veke 48, 28.–30. november. Elevundersøkinga er den største og viktigaste undersøkinga me har som går på læring og trivsel.

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevar får seie si meining om læring og trivsel i skulen.  Svara kan brukast av skule, kommune og stat for å gjere skulen betre. 

Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på.

Du kan lese meir om formålet med undersøkinga og behandling av personopplysningar her:

Informasjon til foreldre om Elevundersøkinga (pdf)