Hopp til hovedinnhold

Avtale med lokalt russestyre 2025

Jennifer Fossnes / Vestland fylkeskommune

Russetida skal vere ei positiv inkluderande og trygg oppleving for russen, og eit minne for alle i skulesamfunnet. Russestyret på Os gymnas har signert ei avtale med rektor om reglar for russetida 2025.

Avtalen om reglement og handlingsplanen skal trygge elevar, lærarar og andre tilsette ved Os gymnas mot hærverk og trakassering på skulen sitt område. Russestyret har ansvar for å gjere reglementet og planen kjent for resten av skulen sin russ. Avtalen er også tilgjengeleg her på skulen si nettside:

Lokalt reglement og handlingsplan for russ 2025 (pdf)

Viktige datoar våren 2025

Alle datoer er ikkje på plass enda, så meir informasjon vil kome seinare.

13.02.2024 – Foreldremøte for russ i Vestland, Stor-Bergen. Stad: Amalie Skram vgs

24.04.2024 – Russedåp

Dato kjem – april 2024 – Digitalt trafikksikringsarrangement, Trygg trafikk

24.04.2024–17.05.2024 – Russeklede kan brukast på skulen sitt område

Hugs!

  • Det er skule i heile russetida.
  • Vurdering og eksamensførebuing gjennomførast som normalt i russetida.
  • Å vere til stades på skulen er viktig for resultata.
  • Første skriftlege eksamen er måndag 12. mai!
  • Skulen sitt reglement gjeld også i russetida – utan unntak.