Her kjem ei sommarhelsing frå Os gymnas, med litt informasjon om samanslåingsprosessen med Os vidaregåande skule, og endringar det komande skuleåret.
No er sommarferien i gong for elevane, og me ønsker å takke alle for eit fint skuleår! Me har tatt avskjed med eit nytt kull avgangselevar, og ser fram til å ta i mot nye vg1-elevar til hausten.
Samanslåing med Os vgs
Hausten 2024 vedtok fylkestinget i Vestland at Os gymnas og Os vidaregåande skule skal slåast saman. Det er planlagt at samanslåinga skal skje frå 2026.
Skuleåret 2025–2026 er altså det siste skuleåret der skulen består som Os gymnas. Det er enno ikkje kjent kva namn den nye skulen vil få, dette vil bli vedtatt i fylkestinget i løpet av hausten 2025.
For elevar og lærarar vil skulekvardagen ved Os gymnas det komande skuleåret stort sett vere som før, samtidig som at skulen førebur seg til samanslåing. Men nokre endringar vil skje allereie denne hausten:
Ny rektor
Tidlegare i år blei det klart at det er noverande rektor på Os vgs, Anne-Merete Mærli Hellebø som får stillinga som rektor på den nye vidaregåande skulen. Rektor på Os gymnas, Kjersti Daland, startar frå august i ny jobb på Fyllingsdalen vidaregåande skule. Fram til samanslåinga vil Rune Rosland vere konstituert rektor på Os gymnas.
Nye elevar
På grunn av plassmangel på Os vgs, skal Os vgs låne klasserom til fire klassar på Os gymnas det komande skuleåret. Dette er klassar for Påbygg, og Helse og oppvekst med studiespesialisering. Det vil vere lærarar frå Os vgs som har undervisninga i desse klassane neste skuleår. For elevane på Os gymnas vil dette ikkje føre til andre endringar enn at det blir nokre fleire nye elevar på skulen. Det er planlagt at elevråda ved dei to skulane skal samarbeide, og jobbe for å lage eit godt og heilskapleg skulemiljø for alle på bygget.
Viktige datoar
Måndag 18. august – første skuledag
Meir informasjon om oppstart vil kome i august.
Skuleruta for 2025–2026 finn du her
Eksamensperiode våren 2026
Eksamensperioden for skriftleg eksamen våren 2026 er frå og med måndag 4. mai til og med torsdag 21. mai. Eksamenstrekket for skriftleg eksamen blir kunngjort tysdag 28. april kl. 09.00.
Tusen takk for sju fine og innhaldsrike år ved Os gymnas. Eg ønskjer tilsette og elevar ein god sommar!
Helsing Kjersti