Vi inviterer foreldre/føresette til vg1-elevane til eit informasjonsmøte om fagval, tysdag 10. mars kl. 18.00 i kantina på Os gymnas
Invitasjon til informasjonsmøte om fagval
Tid: Tysdag 10. mars kl. 18.00
Stad: Kantina på Os gymnas
Vi er no komne til den tida på året då vg1‑elevane skal velje programfag for neste skuleår. Valet av programfag i vg2 og vg3 påverkar kva moglegheiter elevane får når dei seinare skal søkje høgare utdanning. Det er derfor viktig at elevane set seg godt inn i dei programfaga skulen tilbyr, og tenkjer nøye gjennom kva fag dei ønskjer å følgje dei komande skuleåra – både ut frå faglege interesser og framtidige planar for studiar etter vidaregåande skule.
I samband med fagvalet pleier vi å invitere foreldre/føresette til skulen for å gi informasjon og svare på spørsmål knytte til dette. De er viktige støttespelarar for elevane, og vi ønskjer å gi dykk eit godt grunnlag for å kunne rettleie dei i denne prosessen.
På nettsidene til Vilbli.no og Utdanningsdirektoratet finn de utfyllande informasjon om dei ulike programområda og programfaga i vidaregåande opplæring:
https://www.udir.no/utdanningslopet/videregaende-opplaring/
Os gymnas tilbyr eit breitt utval programfag innan studiespesialisering, fordelt på programområda språk, samfunnsfag og økonomi, og realfag. I tillegg tilbyr skulen breiddeidrett og toppidrett som frittståande programfag.
På foreldremøtet vil vi gå nærare inn på skilnadene mellom programområda, reglane for fagkombinasjonar og kva opptakskrava til høgare utdanning inneber. Vi vil òg informere om moglegheita for utveksling i utlandet i Vg2.
Vel møtt!
Venleg helsing
Rune Rosland Terje Bøthun
Konstituert rektor Rådgjevar
