I november vedtok Vestland fylkeskommune ei justering av fråværsreglementet. Noko av det helserelaterte fråværet kan dokumenterast frå første dag, slik at det ikkje tel med på fråværsgrensa i faga.
Direktør for opplæring og kompetanse har føreteke ei tolking av forskriftsteksten og har bestemt at ein i Vestland skal legge til rette for at:
- Elevar med auka risiko for helsefråvær – kroniske eller langvarige helseproblem – kan dokumentere slikt fråvær frå første time/dag. Det skal då førast som D-fråvær og ikkje telje med på fråværsgrensa. Elevane må vise dokumentasjon på slik sjukdom/helseproblem. (NB! Vi godtar ikkje dokumentasjon på fråvær der elevar har vore borte med vanleg forventa sjukdom som sesonginfluensa her.)
- Elevar som viser fram innkalling til planlagt behandling, eller undersøkingar i helsevesenet (avtalte timar og konsultasjonar hos lege/tannlege/psykolog/BUP/fysioterapeut/sjukehus og liknande) har alltid rett til å få ført dette som D-fråvær.
Før fylket si justering av regelverket, kunne me ikkje føre slikt fråvær som D-fråvær før eleven hadde passert fråværsgrensa på 10 % i faga.
Vedtaket vart gjort 19. november 2025 og skal ha tilbakeverkande kraft frå skulestart 2025.
Me informerte elevane om denne endringa i desember. Me har også laga eit skriv som forklarer korleis me praktiserer fråværsføring på Os gymnas:
