For deg som elev er InSchool staden der du kan finne timeplanen din og sjå alt av fråvær, merknadar og karakterar som er registrert på deg. Du kan også melde om fråvær og be om å få fråvær sletta, og søke om fritak og tilrettelegging.
Kvar skule har ei eiga side for InSchool-innlogging:Innlogging InSchool
InSchool for elevar
Som elev i Vestland loggar du deg inn på InSchool med Feide-kontoen din (brukarnamn og passord).
Introduksjonsvideo for elevar:
InSchool-appen
Det finst også ein mobilapp, last den ned i Google Play eller App Store.
Visma har aktivert pushvarsel og internmeldingar i InSchool-appen. Du kan i tillegg sjå timeplanen din og oversikt over fråværet ditt.
For å sende melding eller motta varsel i appen, må du vere kopla til trådlaust nettverk eller ha aktivert mobildata.
Merk!
Dersom du ikkje aktivt loggar ut frå appen vil du vere innlogga i 3 månader. Då vil appen bruke wifi/mobildata i bakgrunnen for å hente pushvarsel og internmeldingar. Du vil ikkje få pushvarsel eller meldingar så lenge du ikkje er logga på eller kopla til nett.
Dersom du opplever at pushvarsel ikkje fungerar sjølv om du er logga inn må du sjekke at du ikkje har slått av funksjonen under innstillingar på eigen mobil/nettbrett.
InSchool for føresette
Føresette skal bruke ID-porten for innlogging i InSchool, på same lenke som elevane brukar.
Introduksjonsvideo for føresette:
Kva opplysningar kan føresette sjå?
Føresette for elevar under 18 år vil ha tilgang til:
- Timeplan (melde framtidig fråvær, men vil ikkje sjå søknaden sjølv etterpå)
- Klasser og grupper (finne namn på faglærarar og aktive lenkjer til læreplan)
- Historikk (halvårs-, standpunkt-, og eksamenskarakter og samla fråvær for tidlegare år)
Det er aktive menypunkt om læreplanar og eksamensparti som ikkje gir noko informasjon, som vi ikkje får fjerna frå menyen.
Det er ikkje opna for å sjå personalia på elev eller opplysningar om kontaktpersonar, av omsyn til personvern. Dette er oppe til vurdering. Fylket ser også nærare på om tilgang til fråvær, vurderingar og orden/åtferd. Desse tilgangane er ikkje tilrådd på noverande tidspunkt.
Elevar over 18 år kan sjølve bestemme kva føresette/kontaktpersonar skal få tilgang til, av dei tilgangane fylket har gjort tilgjengeleg.
Kontaktinformasjon til føresette
Dersom e-post eller mobilnummer er feil i InSchool kan føresette logge seg inn og endre dette sjølve (sjå innføringsvideoen på tida 2:12 for korleis du endrar opplysningar). Det er viktig at denne informasjonen er rett slik at de kan motta nødvendig informasjon frå skulen, blant anna i samband med beredskap.
Kommunikasjon med skulen
Føresette har moglegheit til å kommunisere med skulen via Visma InSchool sitt meldingssystem.