Skuleåret 2025–2026 er første året ein tilbyr meir opplæring i fag. Fylkeskommunen vil prøve å organisere tilbodet om meir opplæring slik at elevar som er under ordinær opplæring ved ein skule, vil kunne få meir opplæring ved same skule.
Rett til meir opplæring i fag
Elevar som har gjennomført, men ikkje bestått, opplæringa og har opplæringsrett etter opplæringslova § 5-1 har rett på meir opplæring som elev, jf. opplæringsforskrifta § 5-2.
Dersom du har gjennomført opplæring og fått karakteren 1 eller IV i eitt eller fleire fag, kan du ha rett til meir opplæring i faget. Opplæringa skal føre fram mot ein ny standpunktkarakter.
Slik melder du frå om at du ønskjer meir opplæring
Dersom du ønskjer meir opplæring skuleåret 2025–2026, må du melde frå om det innan 1. juli. Oppfyller du krava til meir opplæring og har søkt innan fristen, har du rett på eit tilbod frå neste skuleår.
Du melder frå via eit eige skjema på fylkeskommunen sine nettsider
Organisering av meir opplæring
Det er skulen der du var elev som har ansvar for å organisere opplæringa for deg. Du vil få opplæring i heile læreplanen, men opplæringa kan vere komprimert. Det er skulen som bestemmer korleis opplæringa blir organisert. Du må delta i opplæringa og fråværsgrensa vil gjelde.
Har du spørsmål?
Dersom du har spørsmål eller treng rettleiing, kan du kontakte skulen.