Nye start- og sluttider ved Os gymnas 2022–23

Neste skuleår utvidar me skuledagen på Os gymnas med 20 minutt om morgonen og 30 minutt om ettermiddagen. Dette er gjort i samarbeid med Skyss, Vestland fylkeskommune og kommunar i vår region.

Skulestart vil bli kl. 8.20 og skuleslutt vil vere seinast kl. 15.30.

Timeplanen vil kunne variere litt, slik at elevane nokre dagar vil vere tidlegare ferdig med vanleg skuledag. Då ønsker me å legge til rette for studietid på skulen om ettermiddagen. Me kjem tilbake med meir detaljert informasjon om timeplanen seinare.

Ta kontakt med skulen, dersom du har spørsmål om nye start- og sluttider for neste skuleår.

post.osg@vlfk.no

Telefon: 56 56 57 50