Justering av timeplanen

bilde av baksida på os gymnas, tre med gule høstblader ute

Oppdatering 30.10.22: Me held fram med den justerte timeplanen som me har hatt etter haustferien. Første time startar kl. 8.25 og siste time sluttar kl. 15.25.

Her ser du den justerte timeplanen. Det er friminuttet mellom 1. og 2. time og mellom 7. og 8. time som er tatt bort. NB: Tidspunkta i VIS er ikkje oppdatert enno. 

justert-timeplan.png
Opprinneleg publisert 07.10.22:

Etter haustferien vil me prøve ut ei mindre justering på timeplanen, der me forskyv oppstart av første time til kl. 8.25 og avslutning for 8. time til kl. 15.25.

Nokre elevar har hatt problem med å kome tidsnok til 1. time på grunn av at bussen ikkje kjem tidleg nok til å rekke skulen kl. 8.20. Skulen har den siste tida jobba med å finne moglege løysingar.

Det blir ein prøveperiode frå 17. oktober til 28. oktober, dei to første vekene etter haustferien. Dei ytre rammene for skuledagen i denne perioden blir frå kl. 8.25 til kl. 15.25.

Me håpar desse justeringane vil gjere det lettare for alle elevane å kome tidsnok på skulen. Me vil halde fram med tilbod om skulefrukost frå kl. 8.00 til kl. 8.20.

Me ønsker alle ein riktig fin haustferie!