I veka etter vinterferien skal me gjennomføre to undersøkingar på skulen. Ei undersøking om psykisk helsetilbod og ei om skulemat. Det vil ta ca. 15-20 minutt å gjennomføre desse.
Undersøkingane er frivillige og anonyme. Det vil ikkje bli mogleg å identifisere enkeltpersonar ut frå svara. Dersom du vel å svare, samtykker du til å delta.
Elevar og foreldre kan lese meir om formålet med undersøkinga og behandling av personopplysningar i dei vedlagte dokumenta:
Informasjon om spørjeundersøking - psykiske helsetenester
Informasjon om spørjeundersøking - skulemat