Russetida skal vere ei positiv inkluderande og trygg oppleving for russen, og eit minne for alle i skulesamfunnet. Russestyret har inngått ei avtale med rektor om russetida 2023.
Avtalen om reglement og handlingsplanen skal trygge elevar, lærarar og andre tilsette ved Os gymnas mot hærverk og trakassering på skulen sitt område. Russestyret har ansvar for å gjere reglementet og planen kjent for resten av skulen sin russ. Avtalen er også tilgjengeleg her på skulen si nettside:
Lokalt reglement og handlingsplan for russ 2023 (pdf)
Nokre viktige datoar for Russ 2023
Alle datoer er ikkje på plass enda, så meir informasjon vil kome seinare.
16.02.2023 – Foreldremøte for russ i Vestland, Stor-Bergen. Stad: Amalie Skram vgs
April 2023 (dato kjem) – Trafikksikringsarrangement, Trygg trafikk
27.04.2023 – Russedåp
April 2023 (dato kjem) – Russerebus, Trygg trafikk
26.04.2023–17.05.2023 – Russeklede kan brukast på skulen sitt område
Hugs!
- Det er skule i heile russetida.
- Vurdering og eksamensførebuing gjennomførast som normalt i russetida.
- Å vere til stades på skulen er viktig for resultata.
- Eksamen startar rett etter russetida.
- Skulen sitt reglement gjeld også i russetida - utan unntak.