Hopp til hovedinnhold

Skuleruta

Her finn du oversikt over ferie- og fridagar.

Skuleruta for skuleåret 2022–2023

Skulerute 2022–2023 (pdf)

NB! Ver merksam på at fredag 19. mai 2023 er ein eksamensdag for elevar i vg3. Denne dagen står som elevfri dag i skuleruta, og det er i utgangspunktet planlagt som ein fridag for lærarar og elevar. Elevar i vg3 må likevel vere førebudd på at dei må møte opp til eksamen fredag 19. mai, dersom dei blir trekt ut til skriftleg eksamen i norsk sidemål.

Eksamen våren 2023

Eksamensperioden for skriftleg eksamen er frå 19. mai til 2. juni. Eksamenstrekket for skriftleg eksamen blir offentleggjort 12. mai kl. 9.00.

Skuleruta for skuleåret 2023–2024

Skulerute 2023-2024 (pdf)

Timeplanen

Skuledagen startar kl. 8.25 og siste time sluttar kl. 15.25.

Det er gratis skulefrukost kvar dag frå kl. 8.00 til kl. 8.20.

Elevane finn sin eigen timeplan i Visma InSchool.

Blokkdagar

På fredagar har me blokkdagar. På blokkdagane har du fleire timar med det same faget. Det kan også skje at du ikkje har undervisning enkelte av fredagane i løpet av skuleåret.

På halvblokkdagar har du eit fag før lunsj og eit anna fag etter lunsj. Når det er heilblokkdag har du det same faget heile skuledagen.