Skulestart 2022

Vel møtt til skulestart måndag 15.august! Vi ønskjer alle elevar velkomne til ein skule der vi legg vekt på både læring, kunnskap og trivsel. Her er det god plass både inne og ute.

Oppmøtetider første skuledag

  • Vg1 kl. 09.00
  • Vg2 kl. 11.00
  • Vg3 kl. 12.00

Kan du ikkje møte første skuledag? 

Dersom du ikkje kan møte måndag 15.august, så er det viktig at du tar kontakt med skulen på telefon 56 56 57 50 eller e-post post.osg@vlfk.no

Litt praktisk informasjon

Kantina opnar 16.august. Me vil halde fram med tilbod om gratis skulefrukost kvar dag mellom kl. 8.00 og kl. 8.20. Ramme for skuledagen vil vanlegvis vere frå kl. 8.20 til kl. 15.30. Det kjem tilbod om studietid på torsdagar frå kl. 13.55 til 15.30. Elevane vil få meir informasjon om dette på Itslearning/Elevinformasjon.

Vi planlegg aktivitetsdag for vg1 19. august. Alle elevar vil få meir informasjon om timeplan, startsamtale og aktivitetsdag i løpet av dei første skuledagane.

Alle skular i Vestland fylkeskommune har eit informasjonssystem; Visma InSchool (VIS). Timeplan vert publisert i VIS. Elevane får meir informasjon om bruk av VIS når dei møter på skulen. Vi har også samla informasjon om VIS for elevar og føresette på heimesida.

Vi minner om at du som elev har ansvar for å møte på skulen med eigen PC. Viss du treng ny PC, så kan du sjekke tilbodet om rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune. Grunnmodellen er tilstrekkeleg for bruk ved vår skule.

Vi gler oss til å møte både nye og gamle elevar! 

Helsing frå Kjersti Daland, rektor